I desse dagar lanserer Samlaget boka mi Sylting og safting heile året. I høve lanseringa var eg og ein av marknadskonsulentane i Samlaget ute på ein liten runde til bokhandlarane i sentrum, og hadde med bagettar og små syltetøyglas.
Frå dei som fekk nektarinsyltetøy har vi fått begeistra mailar som beskriv nærmast slåsskampar på lunchrommet i bokhandlarbutikkane om dei siste restane av dette deilige syltetøyet. No får du sjansen, nektarinar kostar nesten ingenting for tida, så kjøp ei korg eller tre, og lag ein porsjon nektarinsyltetøy.
Nektarin har blitt ei heilårsfrukt som heilt har utkonkurrert den hårete slektningen sin, fersken. Det er ikkje rart, for han er både søt og god og lett å like. Nektarinen har ein meir aromatisk smak, og mange likar også betre den glatte overflata.
Eg brukar også å lage syltetøy av nektarinar, det er enkelt å lage, og det ferdige syltetøyet er ein smakseksplosjon. Prøv nektarinsyltetøy på vaflar eller bollar, begge delar er like godt.
1 kg nektarinar, reinsa vekt
425 g sukker
1 dl vatn
1⁄2 ts sitronsyre
1⁄2 pakke pektinpulver
Ha dei ferdig reinsa nektarinane, halvparten av sukkeret og vatn i ei gryte og gi det eit oppkok. La det putre i ca. 10 minutt, til frukta er mør. Har du umodne nektarinar kan det hende dei treng lenger koketid. Rør saman pektinpulver og resten av sukkeret, og ha det i gryta medan du rører godt. La det heile koke opp igjen, og la det koke friskt i eitt minutt. Vil du ha eit glattare syltetøy, så stikk stavmiksaren i gryta ein liten runde.
Fyll syltetøyet på reine, nykokte glas.
Arkivert under:Billig mat, Noko søtt, Safting og sylting, Veggis
